Oslo medisinske pikekor fyller 5 år! Vi er på ingen måte i trassalderen, og inviterer difor til JUBILEUMSKONSERT.
Ta med deg ein ven, bestemor eller helst begge to på ein konsert som set kongeparet si tjuefemårsfeiring og presidentvalet i Junaiten i skuggen. Dette er hendinga alle skriv om i sosiale medier!
Datoen er torsdag 19. mai, dørene opnar 19.00 og sjølve kalaset startar 19.30. Det vil vere øl- og vinsal. Aldersgrensa er 18 år.
Billettar kan bestillast via følgjande link: https://omp.ticketco.no/
Det vil også vere dørsal om det er billettar att.
Pris: 80kr (student/honnør) / 110 kr (andre)
Vi kan love gamle gode schlagarar, samt freshe fete tunes! Og kanskje kjem det ei overrasking eller to? Uansett, vel verdt å fylle underhaldingskvota si med. Vi er klare for feiring og gler oss til å sjå dykk!
Pikekyss :*